Monday 3 December 2007

Break a leg...

Eller ein arm! Førre onsdag var eg på LSE med Matias og åt lønsj. Etterpå dro Matias for å klatra, medan eg berre skulle ein tur på toalettet før eg skulle opp på SOAS for å lesa (essays-innleveringar nœrmar seg med stormskritt). Det siste eg hugsar før alt vart svart er at eg såg at toaletta var nede i kjellaren, og at det satt ein person nedst i trappa eg sto på toppen av. So fylgjer bruddstykker med ambulansepersonell, haugavis av spørsmål om kven som skal kontaktast, kor eg har vondt, om eg veit kva eg heiter og kor eg er. Ambulansen nytta gode førti minutter på den 2 km. lange strekningen, grunna den vanlege London-røsjtida, og so var me framme på UCL Hospital. Matias, som dro heilt heimefrå (ca. 9 km.), var faktisk på sjukehuset før oss.

Dei neste timane vart det mykje testing, sprøyter og spørsmål. Eg hadde gruveleg vondt i vinstre tinning, og kunne ikkje røra vinstre arm, som gjorde omtrent like vondt som hovudet. Etter CT-skanning (der dei fortvila freista å riva ut alle øyredobbane mine), røntgen (X-rays høyrast mykje kulare ut), smertestillande og oppkast, visar det seg at eg har brekt eit lite bein under albuen, og at hovudet mitt er heilt fint, viss ein ser vekk ifrå at det er oppsvulma og dundrar i eitt sett. Sjukehuset hadde overraskande god sørvis, eg trengte ikkje eingong visa det europeiske trygdekortet mitt for å få hjelp. Eg fekk imidlertid mange tilbod om hårbørste (viss ikkje kom håret mitt til å verta flokete! Litt for seint...) og cornflakes. Ved sida av meg på rommet låg ei 91 år gamal dame som snakka mykje om korleis ho gjerne skulle hatt ein gin and tonic.

Dagen etter vart eg henta av Matias og utskriven, og sia torsdag har eg berre slappa av og freista å røra på armen min. No går det ganske so bra, eg har armen i fatle men kan røra han ganske greitt, og kulen i hovudet er vekke, men erstatta av eit skikkeleg blått auge (som eigentleg er litt rart, all den tid eg ikkje slo auge mitt i det heile take). Folk flest trur eg har vorte banka opp, og gjev Matias stygge blikk på gata. Det er for so vidt forståeleg, men heldigvis ikkje sœrleg sant. Det som er fint er at eg no har ein god grunn til å få utsatt essaya mine, noko dei fleste umiddelbart påpeikar. I tillegg er eg vorte sœrs flink til å nytta høgrehanda mi, slik at eg no er endå meir effektiv enn kva eg pla vera. Sjølv om eg eigentleg ikkje treng fatlet mitt, er det ganske so genialt å ha på tuben eller bussen om morgonen, for sjølv om engelskmenn på londontransport ikkje er høflege i det heile tatt, har dei i alle høve ein smule respekt for skada og eldre. Eg faller inn under den fyrste kategorien. 

Vonleg vil helingsprosessen gå sopass raskt at eg kan kjøyra bil når eg kjem heim att (17. desember).  Diverre er skitur heilt uaktuelt, men hyttekos skal kunna gå an. Gler meg utruleg mykje til å sjå att dei eg ikkje har sett sidan i sumar, og elles er det framleis fritt fram å koma på vitjing når det måtte passa.

  

No comments: