Saturday 24 November 2007

Mitt fyrste innlegg

No har eg kasta meg på bloggbølgja, eg og. Lenge har eg vore sœrs skeptisk til dette tullet, men tullet har seira og eg har kasta inn handduken, so no er det berre å blogga i veg. Meininga er vel at dei som er interesserte kan sjå litt kva eg driv med her i London, utan at dei treng å ringa eller skriva e-post. Ikkje at eg ikkje gjerne tek imot telefonar eller e-postar, men eg reknar med at folk har anna å driva med i denne travle, moderne verda prega av tidsklemma. Eg lovar ikkje hyppige oppdateringar (ikkje bryr de dykk vel noko sœrleg heller), men eg vonar det kan vera eit triveleg avbrekk frå intensiv lesing og keisam kvardag (kva tid enn det måtte vera).

So, slik har eg det: Eg bur i 30 Woodlands Park Road i nord-London, 15 minutt på tuben og totalt cirka 40 minutt unna sentrum, viss ein tek omsyn til trafikken her i verdsmetropolen. Matias og eg bur i det som originalt er stova, so me har eit ganske stort rom, der me har fått pressa inn ein sofa, eit provisorisk bord, ein fantastisk kul bar/hylle/dings, to skrivepultar, kledeskap og stor seng, samt ymse raritetar me har funne på gata. Det er ikkje tradisjon for loppemarknad her, men folk set berre ting dei ikkje treng lenger utfor husa sine, og so er det fritt fram å forsyna seg av det ein vil ha. 

Saman med oss bur Jorrit frå Nederland (som Matias gjekk på skule med i Swaziland), Emilie frå England/Frankrike, Sagal frå Somalia/Danmark, Olivia frå England, Hana frå Iran/England og Nick frå Makedonia. Alle går på SOAS utanom Matias, som går på LSE (noko han får lida for rett som det er), dei fleste på andreåret. Sœrskild jentene er useriøse hippiestudentar som aldri har take i ein oppvaskkost i sitt liv og som går fag som afrikansk dans og asiatisk sang, men dei er alle veldig hyggelege og morosame huskameratar. 

Me har ein stor hage med eit gedigent tre, der me har hatt leirbål, fotballkampar og halloweenfest. Saman med oss åtte bur Dough og Nut (Kitler og Kimmler når dei ikkje oppførar seg), to små pusekattar. Ettersom dei den siste tida har gjort karriere som sengevœtarar, er dei lite ynskja inne på rommet vårt, men det hendar eg lurar dei inn når Matias ikkje er her. Hjå han går dei berre under namnet "kattejœvlar". Dough og Nut likar å lesa, leika, eta farlege ting, sitta på sykkelstyret til Matias og å skriva på pc.

London er fantastisk og forferdeleg på same tid. Det er alltid noko som skjer, utruleg mykje spanande å sjå på,  utallege koselege kafear og restaurantar, sœre og morosame nisjebutikkar (slik som Get Stuffed i Angelområdet - ein butikk med utstoppa dyr, mellom anna isbjørn og pingvin på same montasje, trass i at dei lever på kvar si side av jorda, og neshorn) og ein "travel atmosfœre". Samstundes er folk sure og sprø (gløym alle førestellingar om høflege britar), alle offentlege rom er tjåka fulle av folk - heisen, tuben, bussen, gata, butikken, osv osv, slik at ein må gå i kø overalt (noko eg er veldig dårleg på) og postsystemet er ein tragedie - berre for å nemna noko. 

Førebels har eg vore ekstremt dårleg på å taka bileter, men eg skal freista å verta flinkare, for det manglar ikkje motiv her borte. So dersom eg faktisk held det eg lovar, so kjem det mange flotte bilete frå storbyen her snart. Elles jobbar eg med ei liste over dei utallege tinga som gjer England til eit U-land, og lista, ho er lang. Skal posta ho her når eg kjenner meg ferdig med ho, det kan nok taka litt tid. 

No må eg setja meg ned å byrja lesa John Stuart Mill si bok On Liberty, som berre er ein brøkdel av pensumet i eitt av fira fag. Nokon gongar lurar eg på kva i all verda eg studerer. 

Ha det bra so lenge!

1 comment:

ramvi said...

Fint design!
Liker grønnfargen :)