Monday 10 December 2007

Jol i London

Dagane flyg her på andre sida av Nordsjøen, og no er det berre ei veke til eg kjem heim til den vakraste byen i verda! Normalt skulle eg på dette tidspunktet vore utruleg stressa, drukke fire koppar kaffi til dagen, skulka alle forelesningane mine og bitt negler medan eg uroa meg over korleis i all verda eg skulle klara å gjera ferdig dei fire essaya eg skal levera på skulen i nœr framtid. Men av di eg falt ned ei trapp for to veker sia og tok imot fallet med hovudet, har eg no vorte stempla som ute av stand til å lesa - altså må eg taka det med ro i nokre veker før eg konsentrerer augo mine att. Ergo: no essays for me! Ikkje enno, i alle høve... Fyrst tykkte eg det var deileg, men eigentleg er det berre irriterande å ikkje få starta på mengder med arbeid eg veit at eg på eit seinare tidspunkt uansett må gjera. 

I Introduction to Social Anthropology skal eg skriva om korleis me i dagens samfunn skil mellom det som er naturleg og det som er kulturelt, og om kjønn i samband med dette. Spørsmålet er kor vidt dei tinga me tek for gitt at er naturlege eigentleg er det, og om dei ideane me har om klassifikasjonar som kjønn, rase og liknande eigentleg er nyttige eller berre opprettheld skilnadar og feilaktige forståingar av verda. Innvikla, men veldig spanande. I Social Theory veit eg ikkje heilt kva eg skal gjera enno (keisamt fag), men eg trur det vert noko på skilnadane mellom "progress" og "evolution", i samband med Darwin og andre akademikarar frå den tida. I Introduction to Political Study skal eg skriva om Isaiah Berlin og hans to konsept om positiv og negativ fridom, og i International Politics er temaet om ei verd der alle statsleiarane var kvinner hadde vore ei verd utan krig. I slike oppgåver er det veldig greitt å ha Matias som diskusjonspartnar, sidan me sjølvklårt er usamde om stort sett det meste. 

Sidan eg har vorte friteken frå lesinga, har eg funne ein del andre ting å fylla tida mi med. Mellom anna har eg starta på et strikkeprosjekt som vonleg snart skal verta etuiet til min kjœre berbare datamaskin (på godt norsk). Den planlagte biten med strikketøy skal so inn i vaksemaskinen saman med grønsåpe, der han vonleg skal verta tova og fin. Men sidan engelskmennene ikkje kjenner konseptet grønsåpe (dei kjenner stort sett ingen nyttige eller praktiske konsept - derav byråkratiet), må eg venta til eg kjem heim til landet der alt er forutsigbart og som forventa. Altså landet der eg veit at eg finn grønsåpe i butikken. 

Elles ser eg mykje filmar og tv-seriar, Matias (som i likheit med meg nyttar skaden min som orsaking for å ikkje gjera noko skulearbeid) og eg har pløgd oss gjennom alle sesongane av Little Britain, The Office, Sex og Singelliv (Matias meiner han ikkje har sett dette), Sopranos 1 og 2, Fawlty Towers, og elles alt me kan finna av The Simpsons og Futurama på internett. Akkurat no lastar eg ned A Christmas Carol, for å koma i jolestemning og for å minnast joletida på Kongsgård då me måtte sjå denne i Arvid Knutsen sine engelsktimar sidan han hatte gått tom for undervisningsmateriale. Ein knakande god film, etter mi meining. 

I går var me på brønsj hjå Anne - ei tysk jente eg tek sosialantropologi saman med. Ho bur rett borti gata (nesten), og er utruleg hyggeleg. Ho har i tillegg hyggelege tyske venar, som snakkar forståeleg engelsk og som er genuint interesserte i kva du driv med og kven du er, i motsetning til ein del andre mennesker her. Me har endå ikkje kjend dei lenge nok til å fortelja vitsar om "ze war", men det kjem nok snart. Elles i helgene går me mykje på kino. Beowulf var ein latterleg dårleg film som eg vonar ingen av dykk har nytta pengar på å sjå enno, medan The Darjeeling Limited var ganske so underhaldande og morosam. Einaste ulempen med britiske kinoar er at det er "free seating", so viss du kjem seint er det overhengjande stor fare for at du vert sitjande rett framføre skjermen - ikkje veldig ideelt i to timar. 

Eg har enno ikkje vore nede i handlegatene i sentrum sentrum (Oxford Street, Regent Street etc.), men eg kan førestella meg at joleljosa er ganske so dominerande og handletempoet ganske so høgt. Personleg vert eg dårleg berre av tanken på å måtta opphalda meg der nede, meg eg er stygt redd for at eg på eit tidspunkt må taka turen nedom og handla litt, eg og, berre for å leva opp til sterotypien (samt for å finna nokre fine jolegåver). Dei har noko som liknar på joleljos på alle lyktestolpane langs gatene her i området og heilt ned til sentrum, men utan snøen er det ikkje det heilt store. Difor har eg bestilt snø i Stavanger når eg kjem heim på måndag, og du kan tru eg gler meg!

No comments: